Dr. Haugen Dr. Haugen

Hushalderska Aslaug

Aslaug Sandvik var hushalderske hos dokter Haugen i mange år. Ho byrja hjå han etter at ho vart enkje i 1952, då mannen hennar døydde av kreft. Ho selde garden sin, men budde der på kår til ho flytta til gamleheimen i Rosendal. Der budde ho siste tida fram til ho døydde i 1999.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

På nasa i hermetikkboks

Jens Oddvar Eikeland hadde nett lært å gå då han var uheldig i 1952. Den halvanna år gamle guten stupte slik mange på den alderen gjerne gjer når ein nett har lært å stabba og gå. Resultatet vart at han skar nasa stygt opp i ein hermetikkboks.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Gåvepremie

Anne Solfrid Malmanger har minne om at Haugen eigentleg var veldig snill, og at han likte dårleg at barn var sjuke og hadde det vondt. Ho fortel om ein gong i 5-årsalderen då ho hadde øyrebetennelse. Kvar dag i ei veke måtte ho gå med følgje til dokteren for å spyla øyret.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

– Kollo masse katt!

I barndommen budde Anne Solfrid Malmanger i same hus som besteforeldra sine. Ho fortel at bestemora låg sjuk i 12 år, og i alle desse åra vart ho pleidd heime. Det gav naturleg nok god kontakt med dokter Haugen.

Les mer
Dr. Haugen Dr. Haugen

Fødselsflekken

Sølvi Ulvenes vart fødd med ein raud flekk på eine sida av baken, på storleik med ein gammaldags femøring. Dokter Haugen meinte den burde fjernast, men mora ville ikkje vera med på å gjera det på den nyfødde ungen.

Les mer
Bøker, Dr. Haugen Bøker, Dr. Haugen

Døydde brått

Ingen kunne formidla noko så trist og vondt betre med ord enn dokter Haugen. 

Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Vonde, men likevel fine minne

Otto Blokhus har mange minne frå møte med dokter Haugen.

– Det er vel ingen av oss godt vaksne som ikkje hugsar denne mannen. Eg har mange minne som sit djupt i meg, seier Otto, og han nemner to tilfelle som gjorde særleg sterkt inntrykk på han.

Bror hans hadde skarlagensfeber. Det var veldig alvorleg med høg feber og feberfantasiar. Dei var fortvila, og Otto hugsar det som einaste gongen han såg far sin gråta.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Inga trøyst å få hjå dokter Haugen

På slutten av 1950-talet vart to trebruer over Oksareelva innanfor Betongvare i Sandviklia rivne. Elva delte seg knapt 100 meter ovanfor vegen, men dei murte igjen det eine elveløpet slik at vatnet vart samla i ei elv. Johannes Naterstad var med på dette arbeidet, og då dei var ferdige å støypa kar til den nye brua, måtte dei plastra slik at vassmassane ikkje skulle undergrava brukara. Les historia om Johannes, som fekk senebetennelse i eit handledd, og måtte oppsøkja dokter Haugen for å få hjelp.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Vart sydd i søvne

Etter den alvorlege brannskaden og alle smertene, fekk naturleg nok Jostein Guddal legeskrekk. Likevel fekk han behov for lege nokre år seinare. I sjuårsalderen var den gardsinteresserte guten også borte ved floren. Han var då uheldig og gjekk på karmen på mjelkebilen. Resultatet vart eit solid kutt i hovudet. Det måtte sying til, og dokter Haugen vart tilkalla. Han sydde såret medan guten sov.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Tredje grads forbrenning

Hos Jostein Guddal har ei hending frå 3-årsalderen brent seg fast i minnet. Han var i floren med far sin, som var i gang med stiinga. Rett innafor døra stod ei bøtte med glovarmt vatn. Ho skulle brukast når dei gjorde klar drikke til kalvane. Då Jostein var like ved døra, kom ein ver springande rundt hjørnet. Guten vart nok litt redd, og tok eit par steg bakover, og sette seg i bøtta med det varme vatnet.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Balansekunst på isen

Kjellaug Johnsen, som voks opp i Austrepollen i Mauranger, hugsar dokter Haugen som ein verkeleg balansekunstnar på glattisen. Dette minnet skriv seg frå ein gong bestefar hennar låg skikkeleg sjuk. Han hadde lungebetennelse.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Duehandel

I gutedagane var Arvid Tufta veldig interessert i duer. Han hadde brevduer og var medlem i Ving, ein brevdueforening i Bergen. Interessa hans for duer gjorde sitt til, naturleg nok, at han ofte var å såg på, og studerte fuglane til dokter Haugen i Rosendal. Det var særleg nokre kvite, som var spesielle og interessante, syntes Arvid.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Uhell med luftgevær

Arvid Tufta, som i dag er ein svært ivrig skyttar, hadde også denne interessa for skytesporten i ungdommen. Det starta med luftgevær. Han hugsar godt ein gong dei dreiv og skaut på blink. Midt i økta kom det ei kraftig regnbyge, og dei måtte ta ein pause. Arvid var forsiktig med våpenet sitt så han sette opninga på løpet ned mot støvelen, slik at det ikkje skulle koma vatn inn i løpet.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Travel trafikant

Dokter Haugen hadde ikkje tid å missa når han var på utrykking, han tok alltid raskaste vegen. Theodor Totland på Sunde fortel ei historie som viser det. Ein gong dokteren var ute og køyrde, møtte han bussen i Øyradåso, like ved Øvrevik sin butikk før SØRAL blei etablert. Det var ikkje plass for begge, og derfor begynte bussen å rygga for å finna ein passande plass der bilane kunne passera kvarandre. Medan sjåføren rygga, oppdaga han plutseleg bilen til Haugen bak seg.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Undersøking på sjeselongen

Kjersti Bondhus i Mauranger fortel ei historie om korleis det var å koma til Haugen på kontroll når ein var høggravid. Kjersti var tilflyttar frå Fana til Mauranger og hadde aldri opplevd noko løgnare enn då ho oppsøkte dokteren i Rosendal, like før ho vart mor for første gang i 1971.

Les mer
Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus Dr. Haugen, Ord Kristen Børje Hus

Ei nifs oppleving i Stalheimskleiva

Sokneprest Knut Sellevold kjøpte første bilen sin, ein Morris 10 frå dokter Haugen rundt 1950. Bilen hadde dobbelt clutch, etter som synkroniserte girkassar kom først nokre år seinare, så det var ikkje alltid like enkelt å få giret ned frå høgt til lågt turtal.

Les mer