Gåvepremie


Dette er ein anekdote om Endre Haugen (1895–1986), som var lege i Kvinnherad i heile 45 år. I boka Dokter Haugen – Lege i Kvinnherad 1934–1979 kan ein finna mange slike småhistoriar. I tillegg publiserer vi her ein heil del nye historiar som har komme til etter boka kom ut.


leone-venter-mTkXSSScrzw-unsplash.jpg

Anne Solfrid Malmanger har minne om at Haugen eigentleg var veldig snill, og at han likte dårleg at barn var sjuke og hadde det vondt. Ho fortel om ein gong i 5-årsalderen då ho hadde øyrebetennelse. Kvar dag i ei veke måtte ho gå med følgje til dokteren for å spyla øyret.

Siste dagen ho var der, vanka det premie. Ho fekk ein heil pose med tomøskjer som det hadde vore tablettar i.

– Han hadde nok likt og visst kor mykje moro vi hadde når vi leika med desse øskjene. Vi brukte dei mellom anna til å segla med i bekken, avluttar Anne Solfrid Malmanger, og legg til at det var ei anna tid.

Forrige
Forrige

På nasa i hermetikkboks

Neste
Neste

– Kollo masse katt!