Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky

Dette er eit kapittel frå boka Den sindige villmannen som kom i 2018. Den fysiske boka er utseld, men du kan kjøpa boka som PDF her.

Per Arne Fjelberg hugsar godt då Tjerand Aske gjekk nedover bakkane i bakgrunnen på veg mot sjøen med 60 kilos tunge høybører på ryggen.

Han var stor og sterk, men stillfarande, og kanskje endåtil litt sjenert og folkesky. Slik hugsar Per Arne Fjelberg frå Halsnøy småbrukaren og fiskaren Tjerand Aske. Han må ha slite noko forferdeleg for å halda liv i seg og dyra, legg halsnøybuen til når han fortel.

Høyr lydintervjuet her:

Per Arne minnest enno godt synet av Tjerand, som rodde rundt i distriktet for å kjøpa fôr til sauene sine. Spesielt hugsar han ei hending frå gutedagane sine då han fekk sjå Tjerand koma nedover mot sjøen på Sjo med svære høybører, oppi 60 kilo tunge, på ryggen. Han skulle ro heim til Borgundøy.

– Det var allereie begynt å mørkna om kvelden og vi kunne nesten ikkje sjå han under den tunge børa med høy då han kom gåande nedover bakkane. I fjøresteinane låg den gamle, tjørebreidde båten hans. Det var berre så vidt båten bar då alt høyet var kome om bord, noko framme og noko bak, og så vidt plass på tofta i midten til å sitja å ro.

Men Tjerand var ikkje skuggeredd såg det ut til; han skubba frå land og la i veg ut fjorden med kurs mot Borgundøy og det vesle bruket sitt på Aske. Der var det ofte fôrmangel. Korleis han greidde det, er eit mirakel, seier Per Arne, for høyet tok all sikten, både framover og bakover. I tillegg seig mørket på.

I guteåra var Per Arne Fjelberg fleire gonger på Aske, men berre nede ved sjøen i samband med fiske. Ein gong var han og ein kamerat ute for å ta opp nokre krabbeteiner dei hadde mista. Dei hadde trekt ei line frå naustet og bortetter langs berget då dei oppdaga ein langhåra og litt skummel mann i stor frakke koma rennande nedover bakkane. Det var Tjerand. Han bar på ei avbroten åre, og dei frykta at han ville gjera dei noko.

– Kameraten min blei litt redd og ville at vi skulle koma oss derifrå fortare enn svint. «Ro, ro!» ropte han. Men så kom Tjerand heilt bort til oss, og det skjedde ingen ting. Han var ein snill mann og ville neppe gjort oss noko vondt.

Skaut gjennom glaset

Ei anna historie Per Arne Fjelberg hugsar godt, var då Tjerand ein dag sat i stova si og venta på ein hauk som hadde drepe fleire av hønene hans. Plutseleg sat hauken der i eit tre like utanfor. Tjerand løfta geværet resolutt og skaut rett mot vindauga så glassplintane fauk veggimellom. Om skotet trefte hauken, seier historia ingen ting om. Men folk la seinare merke til at det aldri kom noko nytt glas i det øydelagte vindauget. Tjerand hadde berre spikra opp nokre fjøler der i staden.

– Han var meir ein teoretikar og tenkjar enn arbeidsmann, og litt vanhjelpen når det galdt praktiske oppgåver. Det viste att i det daglege, seier Per Arne. Tjerand dreiv til dømes mykje med laksefiske, men kunne ikkje bøta garna sine sjølv, det måtte onklane mine gjera for han. Men mykje laks fekk han, trass i at båtane hans vart dårlegare og dårlegare, og mindre eigna til fiske.

Også alle husa på garden fall saman til slutt på grunn av mangel på vedlikehald. Bordkledningen nærast skreik etter måling. Det var eit trist kapittel.

Derimot hugsar Per Arne Tjerand Aske som ein ekte friluftsmann, ein som likte å vera ute i naturen og gå i fjellet. Turen over Folgefonna i 1931, då han skulle tilbake til hagebruksskulen i Hardanger, er den mest vidgjetne. Men han gjekk også over fonna året før, medan han arbeidde på ein gard i Sørfjorden.

Sommarstid kunne han ha sauene sine på beite både i Matre og i Åkrafjorden, og då var Tjerand tidt og ofte inne og såg om dei. Han var glad i dyra sine og overnatta gjerne ute under open himmel på desse turane.

– Ja, ja, heile livet til Tjerand var eit slit, tidvis også økonomisk, etter det vi veit. Men innimellom hende det likevel eit og anna som fekk fram smilet både hjå han sjølv og andre. Til dømes då ein kar frå Sætre på Halsnøy kom fossroande til Aske for å sjå til oterfellene sine. Tjerand hadde nemleg ringt til mannen og sagt at han måtte koma med ein gong, for no var det gått eit dyr i saksa.

Så viste det seg at det var ein av sauene til Tjerand som låg der – livlaus, og no ville han ha erstatning for tapet. Han var ein liten luring òg, ser du, avsluttar Per Arne Fjelberg.

Per Arne Fjelberg hugsar godt då Tjerand Aske bar tunge høybører på ryggen.


Den fysiske boka Den sindige villmannen er utseld, men du kan kjøpa ho som PDF:

Forrige
Forrige

Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske

Neste
Neste

Nytt byggjefelt på Husnes