Nytt byggjefelt på Husnes

Ord

Den forlenga Lonavegen fører inn til eit nærpå 40 dekar stort område. Gamle Undarheim skule til høgre.

Det nye kommunale byggjefeltet mellom Lonabrotet og Bogsnes på Husnes nærmar seg fullføring. Under ein spasertur gjennom det nye feltet, kan vi slå fast det er blitt eit flott område. Venteleg blir det òg attraktivt å byggja her. All infrastruktur er allereie på plass i feltet, som totalt er på bortimot 40 dekar.

Her er det god plass for mange.

Det skal bli spennande å sjå kven som etter kvart vil etablera seg i det nye tomteområdet. I reguleringsplanen er det blant anna teikna inn fleirmannsbustader i høvesvis tre og fire etasjar. Delar av arealet er òg avsett til omsorgsbustadar.

Eit samrøystes kommunestyre har også gått inn for at det nye helsehuset på Husnes bør plasserast på tomta like bak Panorama Senter (Coop-bygget), der Lonavegen byrjar. Denne er blitt forlengd i samband med det nye feltet.

Brødrene Musland maskin AS i Uskedalen har vore hovudentreprenør for anlegget. Kontrakten deira med kommunen er på ca 12 mill kroner.

Frå Bogsnesbrekka går det gang- og sykkelveg inn til det nye byggjefeltet.

Forrige
Forrige

Per Arne Fjelberg: Tjerand var stor og sterk, men sjenert og folkesky

Neste
Neste

Avisene må ta ansvar!