Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år

– Kva gjer musikk med eit menneske, ei bygd, eit samfunn?

Kvinnherad, og især industribygda Husnes, utmerka seg med eit blømande rockemiljø frå 1970-talet og framover. Etter kvart kom det også musikarar frå heile kommunen til, og alle sette spor etter seg både lokalt og nasjonalt.

Gutar heilt ned i konfirmasjonsalderen hadde skrapa saman pengar til instrument og drøymde om å bli popheltar lik dei store idola i utlandet. Frå platespelaren blei det skrive av tekstar til songane. Det var ikkje alltid dei likna på originalen, men å dansa etter dei var ikkje noko problem.

Forfattar Lars Jostein Rørvik (f. 1948) dokumenterer i denne boka pop-, rock-, jazz- og dansemusikk i Kvinnherad frå tidleg 1960-tal og fram til i dag. Over 200 band og artistar er omtalte frå denne musikalsk sterke regionen.

Boka er no i sal! Kjøp ho i bokhandelen på Husnes og i Rosendal – eller bestill her.