Prestegardsminne – Forteljingar frå barndomsår på og rundt Malmanger prestegard

28. november 2021:
Malmanger prestegard i Rosendal har vore ein samlingsstad i bygda i hundrevis av år. Veggene har sett prestefolk koma og gå i generasjonar, gjester av alle slag har vore tekne hand om, dagsaktuelle saker og historiske hendingar har vore drøfta.

Men den nye boka frå forlaget Skimtvis er ikkje først og fremst ei forteljing om prestegarden. Den historia er godt fortalt og dokumentert i boka Malmanger prestegard, som RosendalStiftinga gav ut i 2010. Litt av stoffet derifrå er likevel teke med i denne boka òg, for heilskapen si skuld.

I boka Prestegardsminne fortel tre prestebarn om tida si i prestegarden. Knut Gunnar Sellevold (f. 1948) og søskena Magne Medhus (f. 1939) og Sigrid Margrethe Medhus Isaksen (f. 1943) minnest dagleglivet i heimen og i bygda rundt. Dei fortel om samfunnsendringar, krigen og kyrkjekampen då prestane la ned
embeta sine. Dei har historiar om dei mange bygningane på garden, tre og vokstrar, kyrkjeliv, vitjingar og feiringar.

Til saman er forteljingane deira ei kultur- og lokalhistorisk reise om livet på og rundt prestegarden under Malmangernuten. Knut Sellevold gjev i boka også ei detaljert skildring av kva som skjedde i Kvinnherad under det som er blitt omtalt som «kyrkjekampen» i 1942. Dette er nytt for mange og bør såleis ha stor lokalhistorisk interesse. Så vidt vi veit, har ikkje denne historia vore skriven om tidlegare.

Boka er på 178 sider og er rikt illustrert med mange interessante bilete frå gammal og ny tid. Kristian Hus er utgjevar gjennom forlaget Skimtvis, medan sonen, Kristen Børje i Multipleks design har stått for den grafiske utforminga. Dette er den 7. boka far og son Hus samarbeider om.

– Vi trur spesielt den eldre generasjon vil ha stor glede av å lesa Prestegardsminne, men også yngre lesarar vil venteleg ha interesse av å bli kjende med noko av historien vår. For boka er eit viktig dokument i vår nære lokalhistorie, godt skildra av tre av dei som har budd på prestegarden.

Kristian Hus er ikkje i tvil om at dette er ei fin julegåve i år. Boka er trykt i 500 eksemplar.

Kjøp boka på Norli Husnes storsenter og Rosendal bokhandel, eller bestill boka rett frå Skimtvis her.