Spelemann og bokskrivar

Lars Jostein Rørvik var knappe 18 år gammal då han i 1966 fekk tilbod om å bli vokalist i dansebandet The Tempers. Seinare har han stått på ulike scenar og sunge i fleire band i over femti år. Ei oppteljing viser at han frå 1979 og utover hadde kring 300 speleoppdrag rundt om i heile distriktet, kven som engasjerte dei og kor mykje dei tente på kvar jobb. Første speleoppdraget var på ein romjulsdans i Friheim, og seinare gjekk det slag i slag både lokalt og i andre delar av distriktet.

Høyr intervjuet her:

Lars Jostein har sine songevne frå faren, som var 1. tenor i Husnes mannskor og har sjølv også hatt ein kort karriere i mannskoret. Men det var musikken og gitaren som freista mest, og som etter kvart førte han inn på ein veg han framleis følgjer, men no i mindre grad.

– Ja, eg har framleis lyst til å spela og syngja, og opptrer i mindre samanhengar no og då, seier 74-årige Lars Jostein i dette lydintervjuet. Men både Tempers-epoken og andre band han har spelt i alle åra er definitivt slutt. Som det står i songen om Nidelven: «…Nu er du bare minner».

Dei gode minna og kjennskapen Lars Jostein har om alle pop- og rockebanda som har vore i Kvinnherad opp gjennom tidene, har inspirert han til å leggja i veg med eit nytt musikalsk prosjekt, nemleg ei bok om alle banda. Så langt sit han på opplysningar om kring 190 ulike band og totalt mellom 300 og 400 personar som har vore aktive i lengre eller kortare periodar.

Arbeidet hans har ført til stor interesse og entusiasme frå mange hald, som gjer at Lars Jostein har tru på bokprosjektet sitt. Responsen han har fått tyder på det.

Boka er utgjeven i samarbeid med forlaget Skimtvis.


Forrige
Forrige

Ny bok om stikkvegane frå E134 Haukelivegen

Neste
Neste

Frode Sæbø: Dyrevernnemnda tok sauene på Aske