Per Flatebø: Køyle-Peren reflekterer over livet sitt

Lyd

Per Flatebø går daglege turar ned til sjøen for å mata to svaner som held til der.

Ikkje er han døypt, ikkje er han konfirmert og ikkje trur han på nokon gud heller, snart 92 år gamle Per Flatebø i Mauranger. Derimot er han politisk overtydd; han røystar på partiet Raudt og vil gjera det neste gong òg, om han lever. Han har meir tru på dei raude enn på nokon andre. Alkohol bryr han seg heller ikkje noko om lenger.

Høyr lyd-intervjuet her:

Vi besøkjer Køyle-Peren heime i Nordrepollen, eit ca 10 måls lite småbruk inst i fjorden, like ved vegen til Jondalstunnelen. Her har han budd dei fleste åra av sitt lange liv, han er endåtil fødd i huset sitt. Store og små bygningar på garden har sett sine beste dagar, og skulle vore både malte og fiksa på for lenge sidan. Men Per greier ikkje meir, helsa er skral og han har gjort sitt, så vedlikehaldet på Køylo får andre ta seg av.

No er han meir oppteken av å sjå bakover. Det som skal koma, døden til dømes, kvir han seg ikkje til, han håpar berre det skjer fort og smertefritt og helst heime i Køylo. Som ikkje-truande er han overtydd om at det ikkje er noko etter livet her på jorda.

Lita bygd

Per er oppvaksen på det vesle bruket, og er i alle år blitt kalla for Køyle-Peren, som bestefar sin. Foreldra levde av eit par kyr og nokre sauer og hadde tre barn, Per var nummer to. I Nordrepollen på den tida fanst det så å seia ingen ting. Ikkje telefon og berre nokre få radioar. Fjernsyn visste ingen om på den tida. Om kveldane samlast folk heime hjå kvarandre for å snakka i lag og få høyra siste nytt. Mannfolka prata mest, medan kvinnfolka stod for både fjøsstell og matlaging.

I dette lyd-intervjuet fortel Per om barndom og oppvekst i fattige kår. Likevel skryt han over den tida, den var eineståande, seier han, spesielt foreldra. Sjølv var han ein svært uroleg unge, som ikkje sat mykje i ro. Han fór ut så snart han kunne om morgonen, for å fiska eller leika med den einaste kameraten som var i bygda. I intervjuet får vi høyra den dramatiske historien om då kameraten drukna, medan dei to gutane var på isen og skeisa. Per har aldri tilgitt seg sjølv for at han ikkje greidde å berga han.

Per gjekk på skule i Nordrepollen nokre år, men det var få elevar, så ungane måtte tidvis reisa til Austrepollen, Sunndal eller til Gjetingsdalen med båt for å få undervisning. Allereie som 5-åring hadde han lært seg å lesa og geografi var den store interessa hans.

Forrige
Forrige

Når dei eldre svelt

Neste
Neste

Om kommunalt arbeidsgjevaransvar