Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900–2023

Del 1

Boka for deg som er interessert i lokal kystkultur og fiske- og fraktebåtar i dette området frå 1900-talet og fram til i dag. 150 båtar er omtalte i alfabetisk rekkefølgje, i tillegg til mange reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Det finst mykje anna historisk materiale i boka også.

  • 320 sider i stort format

  • Register over båtar nemnde i boka

  • Første band i ein serie på fleire

  • Pris: 449,–

Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen er boka for deg som er interessert i fiske- og fraktebåtar i dette området frå 1900-talet og fram til i dag. Arild Engelsen frå Tønsberg har i mange år registrert og dokumentert fakta om rundt 500 av dei motoriserte fartøya som har vore i drift her opp gjennom tidene. Dette omfattande arbeidet er grunnlaget for denne boka, som omtalar 150 båtar i alfabetisk rekkefølgje. Seinare kjem band to med fleire båtomtalar. Så langt det har vore mogleg følgjer forfattaren båtane frå «vogge til grav», frå dei blei bygde til dei blei kondemnerte eller tekne ut av teneste av andre grunnar.

Forutan omtalar og bilete av båtane, inneheld boka også reportasjar og intervju med folk som har vore knytte til fiske og transport med ulike fartøy i alle år. Spesielt fiske var ofte ei viktig attåtnæring til små og lite lønsame gardsbruk, og det forklarer langt på veg kvifor her opp gjennom tidene har vore så mange fartøy i drift.

I tillegg finst mykje anna historisk materiale i boka, mellom anna det historiske funnet av restane etter ein gammal båt i ei myr i Toftevåg på 1800-talet, som fortel om urgammal båtbyggjarkunst i bygdene våre. Jakta «Skjoldmøen» er eit anna døme på gammal tradisjon.

Denne boka dokumenterer lokal kysthistorie og -kultur på ein framifrå måte, og er eit godt verk for ein kvar som er interessert i det maritime i regionen.

Kjøp boka

Boka er til sals her:

  • SPAR Sæbøvik

  • Fjelberg Landhandel

  • Norli Husnes

  • Rosendal Bokhandel

  • Ark Heiane, Stord

  • Norli Bremnes

  • Norli Amfi Stord

  • Ølen Bok og Papir

Vil du tinga boka frå utgjevaren kan du gjera det her. Porto kjem i tillegg.